Dommarkurset tek til allereie neste veke på måndag 4. september og vert avslutta tysdag 12. september. Det blir lagt opp til tre kveldar med tre timar teori.

Den dyktige og rutinerte fotballdommaren Tor Ove Myrseth frå Sykkylven er kursinstruktør.

Dommarkoordinator i Hødd Fotball, Magne J. Krumsvik oppmodar alle interesserte til å ta kontakt og melde seg på kurset.

- Ta med deg ein venn eller venninne og meld dokke på rekrutteringsdommerkurset. De får då ein unik sjanse til å få verdas beste hobby, og i tillegg vere ein del av eit fantastisk miljø. Spesielt ønskjer vi jenter på kurset. Det er altfor få kvinnelige dommarar i den lokale fotballkrinsen i dag, så fleire må hive seg med, skriv Krumsvik i ei pressemelding.