Hareid spelte ein god 2. omgang borte mot Volda sist 4.-divisjonsrunde, men tapte 2-1 etter eit overtidsmål imot. Etter gode resultat før det ligg Hareid likevel på ein god femteplass. Og torsdag kjem tabelltrear FK Sykkylven på besøk.

At FK Sykkylven har eit godt lag strid ikkje mot naturkreftene, men sidan dei er nyopprykka og sparka trenaren like før sesongstart er det ganske uventa at sykylvingane står utan tap så langt.

Hareid må denne runden klare seg utan Thor-Ove Brekke, Joar Møller, Martin Nikolai Longva og Ulrik Wingsternes, i tillegg til dei som er langtidsskadde. Lagleiinga håper at overgangen til Øyvind Hagen blir ordna i tide.

Heile runden går torsdag (våre tips i parentes):

* Blindheim - Stranda (H)

* Ørsta - Emblem (B)

* Hareid - FK Sykkylven (U)

* Valder - Rollon (H)

* Godøy - Skodje (U)

* Langevåg - Volda (U)