– Dette er ein kamp vi helst skal vinne om vi skal ende på kvalikplass. Vi møter ein del lag heime vi skal slå. Men enkelt blir det ikkje. Strømmen har vore gode den siste tida, seier midtbanespelar Sivert Heltne Nilsen.

– Mange som følgjer Hødd håper no på kvalifiseringsspel i haust. Er det eit realistisk mål?

– Ja, vi håper jo på det sjølv, og då må dei som følgjer oss også få lov å håpe på det. Men då må poengsankinga helst starte søndag mot Strømmen, varslar Nilsen.

Seks skadde spelarar

Hødd må klare seg utan ei rekkje spelarar søndag.

* Victor Grodås er tilbake i trening, men ikkje kampklar.

* Vegard Heltne trenar framleis alternativt, og må ta ny MR-undersøking neste veke for å avklare omfanget av strekken sin.

* Rune Ertsås står også over.

* Erik Sandal slit framleis med kneet. Eksakt kva som feilar det er til no ukjent, men Sandal skal uansett opererast neste veke. Kor lenge han då blir ute er framleis usikkert.

* Tobias Nygård Vibe trena alternativt fredag grunna kjenning med ein strekk. Truleg sit han likevel på benken.

* Det same gjeld Franjo Tepuric, som heller ikkje er heilt “fit”.

Det betyr at Hødd har 13 heilt skadefrie a-lagsspelarar, inkludert to keeperar.

– Men vi stiller likevel eit godt lag. Vi fyller opp troppen med unggutar som står på b-lista, fortel trenar Lars Arne Nilsen.

– Bør vinne

I likskap med sonen Sivert legg han vekt på at oppgjeret mot Strømmen blir ein nøkkelkamp som helst bør vinnast.

– Vi bør slå Strømmen. Så tøffe må vi vere med oss sjølve. Strømmen har fått nokre nye spelarar og har heva seg den siste tida. Så gutane må forstå kva dette handlar om. Det er ikkje slik at toget går søndag, men taper vi må vi springe veldig fort på stasjonen for å rekke det, meiner Nilsen.

– Endra spelestil

Hødd har tatt like mange poeng (15) heime og borte i år. Tre poengaren heime mot Sandefjord for to veker sidan var den første sidan 26. mai, då Mjøndalen tapte 1–0 på Høddvoll.

– At vi har endra spelestil på bortebane har gjort at vi har plukka mange fleire poeng borte i år enn i fjor. Eg synest vi burde tatt eitt poeng borte mot Stabæk også. Det var surt å få eitt imot på slutten. Men nok om det. No får vi berre sjå framover mot neste kamp, seier Vålerenga-klare Sivert Heltne Nilsen.