Brattvåg styrer mot opprykk frå 3.-divisjon avdeling 8 og har ei luke på 11 poeng ned til Spjelkavik etter 16 av 26 serierunder. Måndag tok laget imot Hødd 2, som etter ein varierande vårsesong har fått ein god start på haustsesongen, og stod med to sigrar på rad etter sommarpausen.

Tidlegare Hødd-spelar og kaptein på Hødd 2 i 2014, Henrik Grimstad, spelte sin første kamp for Brattvåg i kampen mot Hødd 2, etter overgangen frå Bergsøy i sommar. Topplaget hadde også med Torbjørn Grytten som er på lån frå AaFK.

Hødd 2 stilte på si side med Ole-Monrad Alme, Bendik Torset, Michael Karlsen, Benjamin Mork Kleppe og Sondre Beite, frå A-troppen, men det var heimelaget som kom best i gang. Didrik Fløtre sende Brattvåg i leiinga allereie etter tre minutt, og Tommy Kanishi Andreassen auka til 2-0 11 minutt seinare.

Michael Karlsen scora sitt andre mål for A-laget i bortemøtet mot Jerv sist onsdag, og reduserte til 2-1 mot Brattvåg før heimelaget sette sitt tredje sju minutt før kvilen.

Brattvåg var det beste laget før pause, men Hødd 2 kom meir med i den andre omgangen, og då var det bortelaget som opna med ei tidleg scoring, no ved Sondre Sandnes Beite. Kvarteret før full tid utlikna Michael Karlsen med sitt andre mål for dagen med ein imponerande soloprestasjon. 3-3 ved full tid og nok eit sterkt resultat for Hødd 2.

Dessverre for Hødd måtte Bendik Torset gå av banen med skade etter 63 minutt.

Kampfakta:

Brattvåg - Hødd 2 3 - 3 (1-3)

Brattvåg kunstgras

Dommar: Tor Ove Myrseth, FK SykkylvenGule kort: Michael Karlsen, Benjamin Mork Kleppe

Mål: 1-0 Didrik Fløtre (3), 2-0 Tommy Andreassen (14), 2-1 Michael Karlsen (26), 3-1 Robin Persson (37), 3-2 Sondre Beite (50), 3-3 Michael Karlsen (73).

Hødd: Ole-Monrad Alme - Martin Mork Breivik, Audun Øvrelid, Alexander Rekdal, Isak Haanes - Erik Sandal, Bendik Torset (Eirik Franke Saunes 63), Bendik Rise - Sondre Beite (Eirik Sundgot Kristiansen 84), Michael Karlsen, Benjamin Mork Kleppe.