Hødd 2 har eit hektisk kampprogram for tida. Måndag spelte laget borte mot Kristiansund BK 2 og alt torsdag ventar Surnadal på heimebane.

Tek vi med at juniorlaget spelte seriekamp tysdag og at også a-laget har seriekamp torsdag, vil vi tru trenarane for dei eldste Hødd-laga har ein relativt tøff kabal å legge om dagen.

Hødd 2 opna sesongen med heimesiger mot Bergsøy, men har sidan tapt mot Herd borte, Elnesvågen heime og Kristiansund BK 2 borte.

Surnadal er ikkje kjent som noko stort bortelag. Den einaste sigeren dei tok på utebane sist sesong var mot Hareid. Dei tre poenga Surnadal står med så langt denne sesongen kom på heimebane mot AaFK 2 måndag Hødd 2 må nok finne seg i å vere knappe favorittar torsdag, trass i at det neppe blir mange a-lagsspelarar i troppen.

Den femte 3.-divisjonsrunden går slik:

Onsdag: Averøykameratene - KBK II, Bergsøy - Herd, Volda - Stranda, LGFK - Spjelkavik, Brattvåg - EOIL.

Torsdag: Hødd II - Surnadal.

Fredag: AaFK II - Sunndal.

Les også:

* 1. runde: Hødd II - Bergsøy 2-1

* 2. runde: Herd - Hødd II 4-1

* 3. runde: Hødd II - EOIL 1-3

* 4. runde: KBK II - Hødd II 4-1