Hareid må finne seg i å vere favorittar når Stordal kjem på besøk torsdag.

Stordal har rett nok fått ein grei start på sesongen med tre uavgjorte kampar. Men dette er eit lag Hareid bør slå på heimebane om dei skal kjempe på øvre halvdel av tabellen.

Hareid skuffa og tapte 3-1 borte mot Blindheim i første serierunde, men har sidan vunne 3-1 heime mot Valder og 4-2 borte mot MSIL.

Hovudtrenar Hans Gisle Holstad har ikkje vore med dei to siste kampane grunna utanlandsreise. Han er tilbake til torsdagens kamp.

Stordal er i ein motsett situasjon. Trass i ei grei opning på sesongen valde deira trenar Stig Johansen å trekkje seg frå vervet måndag. Grunnen skal ha vore manglande motivasjon.

For Hareid sin del manglar eit par defensive brikkar i morgon. Antoni Gardshol står definitivt over med skade, medan Lars Andreas Dahlen Folkestad er vekkreist. Lagets serietoppscorar Thor-Ove Brekke har status som usikker. På plussida er Marius Rise, Ole André Kragset og Audun Øvrelid venta å vere tilbake etter å ha stått over sist kamp.

Den fjerde 4.-divisjonsrunden går slik:

Onsdag: Rollon - Blindheim, Norborg - Valder.

Torsdag: Hareid - Stordal, Godøy - ÅVK, Emlem - Ørsta, Skodje - MSIL.

Les også:

* Runde 1: Blindheim - Hareid 3-1

* Runde 2: Hareid - Valder 3-1

* Runde 3: MSIL - Hareid 2-4