Laurdag 6. mai deltok Dimna-utøvaren Henrik Overvåg under Lambertsetersprinten i Oslo. Der vart det konkurrert på 150 meter og 300 meter, og Overvåg stilte på begge distansane.
På 150 meteren konkurrerte Overvåg i det klart sterkaste heatet, som vart vunne av Håkon Morken på 16,00. To blad Kåshagen, Marius og Carl Emil, kom på dei neste plassane, og deretter kom Henrik Overvåg på ein fjerdeplass med tida 16,19. Det var hundredelet bak Carl Emil Kåshagen, og fem hundredelar bak andreplassen.
På den dobbelt så lange distansen var Overvåg plassert i det nest-beste heatet, og det vann han med tida 35,62. Det vart likevel eit stykke bak bestetida i konkurransen, då Mauritz Kåshagen sprang inn til 33,60 i det siste heatet. Overvåg hadde femte beste tid totalt på distansen.