Fredrik Sjølstad spelte heile kampen då Hødd møtte Sandefjord i kveld, og det var ein skuffa gjeng som gjekk i garderoben etter kampslutt. 22 år gamle Sjølstad var likevel opptatt av å fokusere på det positive, i prat med Vikebladet Vestposten etter kampslutt:

-Eg synest det er ein heilt jamn kamp, og at vi til tider spelar bra. Så slepp vi til to straffemål, og då vert det tøft.

Tilfeldigheitar og marginar

Sjølstad meinte at kamputfallet eigentleg kunne blitt heilt annleis: - Vi er ikkje dårlegare no enn mot Sandnes Ulf, og då vann vi, poengterer Sjølstad.

Spelaren, som vart signert før denne sesongen, meiner at marginar har spela ei stor rolle for Hødd denne sesongen: Vi er fullt på høgde i stort sett alle kampar, men så er det ein del marginar som ikkje går vår veg. I tillegg har vi heller ikkje vore gode nok i dei avgjerande situasjonane, hevdar Sjølstad.

-Vi skal slå tilbake

Etter ein tøff sesongstart vert det spanande å sjå korleis Hødd skal klare å snu dette. Sjølstad har trua på at det ikkje er lenge til det skjer: Etter eit tap er det sjølvsagt tung stemning i garderoben, men vi er alle einige om at dette skal snu, og at vi skal slå fort tilbake, avslutta Sjølstad.