Hødd-rekruttane gjennomførte måndag kveld generalprøven før sesongen tek til for alvor. I dei komande vekene blir det både seriestart i 3.-divisjon avdeling 08, samt i den nye regionalligaen. Der skal Hødd-rekruttane mellom anna møte juniorar frå Molde, Aalesund og Rosenborg.

Måndag var det divisjonskollega Volda som var på plass på nye Høddvoll, og i den låge kveldssola var det bortelaget som kom best igang. Etter fem minutt fekk Volda frispark eit stykke utanfor hjørnet av 16-meteren, og Kenneth Hole sikta på det næraste krysset. Volda-spelaren fekk godt treff, men det spørs om ikkje Hødd-keeperen burde fått fingrane på frisparket.

Fem minutt seinare var det balanse i rekneskapen, og denne gongen var det Volda sin keeper som var uheldig. Han fekk ikkje kontroll på eit skot, og ballen spratt dermed til Karl Bringsvor, som sette inn 1-1.

Begge lag hadde sjansar til å ta leiinga, men det var først på overtid i 1.-omgang vi fekk ei ny scoring. Isak Haanes utnytta feil frå Volda, trekte på seg keeper og spelte ballen vidare til ein umarkert Eirik Franke Saunes, som dermed hadde ein enkel jobb med å plassere ballen i det tome buret. Dermed 2-1 til Hødd 2 ved pause.

Volda kom tilbake i den andre omgangen og sikra seg uavgjort etter scoring ved Christoffer Bjerknes.

Hødd 2 sesongopnar borte mot Sogndal 2 11. april.