1. omgang:

Hødd stiller: Ole Monrad Alme - Martin Mork Breivik, Jesper Törnqvist, Steffen Moltu, Christoffer Aasbak - Joakim Wrele, Bendik Torset, Magnus Myklebust, Sondre Beite - Joachim Magnussen, Michael Karlsen.

7 min: Bendik Torset skudd frå 18 meter - keeper reddar fint. Roleg start på Godøy kunstgras.

10 min: Hødd har mykje ball og god kontroll, men ikkje skapt mykje første ti.

14 min: Magnus Myklebust skyt eit par meter utanfor etter corner.

20 min: Hødd pressar Godøy bakover, men det har mangla litt på avslutningane til Hødd. Godøy har ikkje losna skot endå.

25 min: 0 - 1 MÅL! Michael Karlsen scorar. Joachim Magnussen slår inn, Godøy-forsvaret får ikkje klarert og Karlsen set enkelt inn kampens første.

35 min: Første avslutning frå Godøy. Joakim Austnes skyt frå langt hald - Ole Monrad Alme har full kontroll.

38 min: MÅL! 0 - 2 Joachim Magnussen kombinerer fint med Beite før han bankar ballen langs bakken og i mål.

43: Fin sjanse for Sondre Beite. Takling i siste liten hindrar at han plasserer ballen i lengste hjørne.

Pause.

2. omgang:

48 min: Godøy sin første sjanse. Skot over i bra posisjon.

54 min: Flott redning frå Alme.

55 min: MÅL! Michael Karlsen med sitt andre. Godt skudd via stolpen.

57 min: MÅL! 0 - 4 Magnus Myklebust kjem inn frå venstre og plasserer ballen i lengste hjørnet. To kjappe etter at Joakim Austnes hadde vist seg fram med eit par bra moglegheiter for Godøy.

58 min: MÅL! 0 - 5 No raknar det. Joachim Magnussen forsikrar seg om at ein chip frå Sondre Beite går over streken.

65 min: Strålande inngripen av Alme etter at Moltu mistar i farleg område.

68 min: Magnussen stel nesten ballen frå keeper, men Godøy sin sisteskanse får akkurat avverga.

69 min: Joa flikkar ballen i stolpen og den rullar på streken før det blir klarert. Kunne sjå ut som at ballen var inne, men linjedommaren såg det annleis.

Kallevåg inn for Wrele.

79 min: Joa set ballen i mål, men blir avvinka for offside.

80 min: MÅL! 1 - 5. No blei det liv i Godøy-veggen. Trond Brynestad scorar for Godøy.

81 min: MÅL! 1 - 6. Joa med sitt tredje: Flott spel av Karlsen i forkant.

85: Nære for Beite etter innlegg frå Mork Breivik. Keeper reddar.

87 min: Keeper slår eit frispark frå Karlsen i tverra.

Kampen er over. Hødd er vidare i cupen.

I 2015 var det Herd som måtte gje tapt for Hødd i 1. runde i NM. Då vann Hødd 4-0 i ein kamp der Torbjørn Kallevåg scora sitt første offisielle mål for Hødd. Sondre Beite, Jesper Törnqvst og Benjamin Mork Kleppe teikna seg også på scoringslista.

Året før var det Larsnes/Gursken som var vertskap for Hødd. Robin Shroot scora tre mål i det som til slutt enda med ein 5-2 siger for dei blåkvite.

Med NM-gullet frå 2012 friskt i minnet tok Hødd turen til Brattvåg for 1.-runde i NM i 2013. Etter at Vegard Heltne gav Hødd leiinga før pause, sørga tre scoringar etter kvilen for at dei blei avansement som planlagt for Hødd. Til slutt vart det 4-1 på kunstgraset i Brattvågen.

I 2012, i sjølvaste gullsesongen, måtte Hødd vekk frå Sunnmøre i første runde. I staden gjekk turen til Måløy for møtet med Tornado Måløy. Fredrik Klock og Vegard Heltne (x2) sikra tur til andre runde, og resten er som dei seier historie.

Basert på dei siste fire sesongane bør 4.-divisjonslaget Godøy vere eit hinder Hødd skal ta seg forbi. Normalt sett ryk ikkje Hødd ut så tidleg i turneringa. Bortelaget må likevel passe seg, for på Godøya ventar ein av dei mest målfarlege trioane på Sunnmøre.

Svein-Arve Alnes, Trond Brynestad og Joakim Austnes scorar mykje mål. Alnes og Brynestad stod mellom anna for til saman 45 scoringar i 4.-divisjon i løpet av 2015. Og Alnes har slått Hødd ut av cupen tidlegare. Han sørga nemleg for Skarbøvik si einaste scoring då dei slo Hødd med 1-0 i 2010.

Hødd gjer truleg ein del utskiftingar frå laget som tapte 2-1 borte mot Ranheim sundag. Både Jesper Törnqvist, Steffen Moltu og Ole Monrad Alme får truleg sine første startar for sesongen, og kanskje får vi sjå unge spelarar som Sondre Beite og Martin Mork Breivik frå start?

Cupfest blir det uansett på Godøya. Vi gjer eit forsøk på å oppdatere saka med viktige hendingar frå kampen. Kampstart er 18.00