Når katten er borte dansar musene på bordet – og når dei argaste løparane ikkje deltek, såg Knut Vikebakk sitt snitt til å stikke av med sigeren under laurdagens andre utgåve av Vinterkarusellen Grimstadvatnet Rundt.

– Eg har vore med jamt dei siste fem åra, men dette er første gongen eg har vunne eit løp i Grimstadvatnet Rundt. Når ingen av dei aller mest aktive løparane stilte til start, så opnar det opp for oss mosjonistane. Det var kjekt å vinne, men eg tek det mest som ei treningsøkt og for å teste ut forma mi litt, fortel Vikebakk.

Knut Vikebakk, som representerer Hareidlandet Triatlon og Jan Endre Rise frå Hareid IL skifta på å ligg fremst i feltet, men det vart altså Vikebakk som kryssa mållinja først på 28:56.

– Det var glatt føre. Tida mi vart nøyaktig eitt minutt lenger enn førre løp, så det er så mykje snøen har å seie, opplyser vinnaren som elles vil nytta høvet til å skryte av arrangørane Hareid IL.

– Grimstadvatnet Rundt er eit bra arrangement, slår han fast.

foto
Louise Skak (t.v.) vart den raskaste av kvinnene under laurdagens Grimstadvatnet Rundt. Stian Longva frå Gursken (t.h.) Foto: Jorulf Myrene

Først kvinne i mål var danskfødde Louise Skak frå Dyrkorn på tida 31:39. Ho har delteke på Nordvest Maraton fleire gonger og hadde faktisk også løyperekorden (3:12,58) fram til Therese Falk overtok trona i haust med tida 3:08,05. Ho har delteke i fleire ultraløp saman med Falk, men Skak fortel at hennar favorittdistanse er 5 mil, medan Therese Falk har 24-timersløp som sin spesialitet.

Det er første gong Louise Skak deltek i Grimstadvatnet Rundt.

Løpet vart elles gjennomført med gode, gamaldagse stoppeklokker, ettersom det avanserte digitale tidtakingsutstyret som Hareid IL har investert i saman med Hareidlandet Triatlon og Hjørungavåg IL, framleis ikkje har kome attende til bygda. Utstyret vart sendt til Tyskland for ei oppgradering, og sidan har ingen sett noko til det. Før no nyleg.

– Det vart funne på eit tollager i Tyskland og er no på veg til verksemda som skal ta hand om oppgraderinga. Det var visst ei datamaskin som hadde fått eit alvorleg samanbrot, forklarer Odd Erling Norheim Eriksen i Hareid IL. Vona er at utstyret kjem på plass til neste runde i karusellen som vert den 8. januar 2022.

Kvinner 17–34
Olaug Vikebakk Sandstad37:19Hødd
Kvinner 35–39
Cathrin Elvanes37:43Hareid IL
Caroline Torgersen39:35Ulsteinvik
Elisabeth Haugen Brune42:50Larsnes IL
Kvinner 45–49
Louise Skak31:39Idrett Uten Alkohol/Team Kondis
May Nesheim34:17Velledalen IL
Kvinner 50–54
Beate Helseth38:22Team Helseth
Marit Lillestøl43:35Gjerdsvika
Herrar 17–34
John Gunnar Dybvad29:16Lånke
Peter Vattøy Nygjerde29:56Ulsteinvik
Sondre André Holstad30:54Hareid IL
Henrik Vikebakk Sandstad31:38Ytterøy IL
Alexander Hagen36:13
Remi André Nymoen Hauge37:13Søre Luten Løpegruppe
Jan Robin Haraldsvik40:30Hareid IL
Herrar 35–39
Knut Vikebakk28:56Hareidlandet Triatlon
Steffen Moltu29:46Gurskøy
Stian Longva32:08Gursken
Jim Torbjørnsen34:18Ulsteinvik
Pål-Andreas Alnes35:49
Gerhard André Bakkely39:55Puls & Pils
Øyvind Trones40:11Kondis Trening Ålesund
Herrar 40–44
Tore Skoge35:55Dimna IL
Harald Riise41:25Søre Luten Løpegruppe
Herrar 45–49
Jan Endre Rise29:02Hareid IL
Frode Mauren31:11Velledalen IL
Tom Inge Gotten37:36Søre Luten Løpegruppe
Marcus Vedeler40:51Nordfjordeid
Herrar 50–54
Roger Steinnes42:00Indre Steinnes Villsaulag
Bjørn Sæther43:11Hareid IL
Ulf Magne Eikås43:16Stryn
Herrar 55–59
Asle Johansen33:57Larsnes IL
Herrar 60–64
Arnt Jarle Johansen44:57Ulsteinvik
Herrar 65–69
Odd Elvanes38:15Hareid IL
Herrar 70–74
Kjell M. Fagerlund46:47Hasundgot