Hødd sitt J16-lag har tatt seg heilt til 1/8-finalen i A-sluttspelet under årets Norway Cup. Der var det Snøgg Fotball som var motstandar i kampen om å kome seg til kvartfinalen.

Dei blåkvite skapte fleire brukbare sjansar i den første omgangen, og spesielt Anna Tødenes hadde eit par bra moglegheiter.

Midtvegs i den første omgangen gjorde Hødd det litt vanskelegare for seg sjølve, då Thea Ertesvåg måtte ut i fem minutt etter å ha fått gult kort. Snøgg klarte likevel ikkje å utnytte overtalet og nokre få minutt før pause losna det for Hødd.

Ertesvåg var no tilbake på banen og fekk slått inn frå høgresida til Anna Tødenes. Denne gongen gjekk avslutninga frå angriparen i mål og Hødd kunne ta pause på stillinga 1-0.

Dei ti første minutta av den andre omgange var relativt sjansefattige, men så fekk Hødd sjansen på ein corner. Thea Ertesvåg både skaffa dødballen og slo inn i feltet og der venta Amanda Jonberg på bakarste stolpe. Ho pirka inn 2-0 og sørga for at Hødd for alvor var i førarsetet.

Med ti minutt igjen av kampen rulla Hødd opp eit vakkert angrep ute på venstresida. Til slutt vart ballen vippa inn til Lisa Skotheim som banka til frå 16 meter og opp i nettaket. 3-0 til Hødd som no var på full fart mot kvartfinale.

Snøgg prøvde å kjempe seg inn att i kampen mot slutten, og fekk mellom anna sjansen på eit par hjørnepark, men Nathalie Aasemyr i Hødd-målet rydda unna det som kom.

Først 30 sekund før full tid kom scoringa for Snøgg, då etter eit frispark frå om lag 20 meter, men Hødd-sigeren var aldri truga og Hødd-jentene kunne juble for avansement til kvartfinale.

Den går fredag.

Hødd sitt J16-lag i 1/8-finale i A-sluttspelet mot Snøgg Fotball. Foto: Linda Eikrem.