Markus Kvame Naglestad har eit enormt scoringssnitt per sesong gjennom karrieren, og draumen for Hødd var nok at kristiansandaren skulle halde fram på same vis for dei då han signerte for dei blåkvite i vinter. Og så langt ser det meget bra ut.

- Joda, det har blitt nokre mål. Men eg veit at eg har fleire inne. No gjeld det berre å jobbe hardt vidare. Det skal bli fleire, sa Naglestad til Vikebladet Vestposten like etter kampslutt laurdag.

Hødd sleit lenge med å få skikkeleg tak på KFUM, og avslutta første omgang på stillinga 0-1.

Etter 18 minutt i første omgang fekk KFUM straffe då Eirik Haugan visstnok skulle ha handsa inne i feltet, og Robin Rasch sette kontrollert ballen i mål.

Men, Hødd leverte betre etter pausen. For alt tidleg ut i dei siste førtifem skulle det bli jubel på Høddvoll. Etter 51 minutt blei nemnte Markus Naglestad riven ned innanfor sekstenmeteren til KFUM, dommaren blas i fløyta si og signaliserte straffespark. Naglestad skulle ta straffesparket sjølv, plasserte ballen på kritmerket, og banka den sikkert i mål til 1-1.

Så skulle det bli mange spanande minutt før Hødd og Naglestad heilt på overtid lukkast i å snu kampen heilt. På eit frispark var begge lag i ferd med å gjere seg klare for eit langt innlegg frå sida. Hødd-målscorar Naglestad stilte seg klar med ballen.

Overtidsscoring og jubelbrøl på Høddvoll

- Eg såg keeperen stå langt inne mot midten av målet, og at han heilt klart gjorde seg klar til eit innlegg, seier Markus Kvame Naglestad.

Men lur som han var, banka Naglestad i staden til rett mot mål, og sjølv om keeper forstod kva som var i ferd med å skje - og fekk hansken så vidt på ballen - måtte han sjå den gå i mål bak seg.

- Det var rett og slett herleg å sjå at den gjekk inn. Eg er trygg på å ta frispark, og får eg ein sjanse slik som eg gjorde i dag, så tek eg den. Det var ein "frekkis", men det lukkast i dag, seier Naglestad.

Med dei to måla mot KFUM er sørlendingen oppe i imponerande ti seriemål.

Markus Kvame Naglestad var i perlehumør etter kampslutt - men det er ikkje så rart - for sørlendingen stod nemleg for begge scoringane for Hødd i dette oppgjeret, og den siste, matchvinnarscoringa, kom i overtidsminutta. Foto: Per Werkland.