- Det var bra til tider i dag, god innsats, fortalde dagens kaptein og målskorar Margit Jøsok etter kampen. Hødd var oppe i leiinga heile to gonga,r men Fortuna 2 var effektive og henta inn igjen forspranget begge gongane. Kampens første skoring kom ved Maria Rafteseth som frå vel 20 meter sendte av gårde ein susar som sneik seg under keeper på det glatte underlaget. Hødd var det beste laget første halvtimen, men eit aggressivt Fortuna-lag gav ikkje opp og etter 35 minutts spel utlikna dei til 1-1. Etter ein omlag halvspelt, jamn andreomgong skora Margit Jøsok - som forøvrig vikarierte i kapteinrolla grunna Andrea Sævik si skade – Hødd sitt andre mål. På frispark frå 25 meter la ho ballen perfekt i mål bak ei sjanselaus Fortuna-målvakt. Derifrå og ut kjempa laga hardt på den våte grasmatta før Fortuna fem minutt før slutt utlikna til 2-2 og poengdeling på Høddvoll.

Duellkamp

-Surt å miste sigeren slik, stundom bra jobba, men det heldt ikkje heilt ut, sukka Maria Rafteseth og kaptein Margit Jøsok etter kampen. Trenar Hugo Antonsen var ikkje heilt fornøgd og meinte laget burde ha sigra. - Ein klassisk duellkamp, det er sjølvsagt surt å miste poenga på slutten og når vi tar leiinga to gongar bør vi vinne kampen, oppsummerte Antonsen.