Vi må nemleg tilbake til 8. juli for å finne siste heimesigeren for Hødd. Både Vard Haugesund og Bryne har reist frå Høddvoll med full pott.

Denne helga er det Fana som tek turen nordover. Hødd vann bortekampen på Nesttun Idrettsplass i vår, og er favorittar mot eit Fana-lag som berre har tre sigrar så langt. Fana har teke poeng i tre av sine fire siste kampar, men har ikkje vunne på sine seks siste kampar.

Lettare gruppe

Hødd-trenar Sindre Eid fortel at det har vore bra stemning i Hødd-troppen etter 4–2 sigeren på Skagerak Arena.

– Det har vore ei bra veke så langt og så får vi håpe at det held fram på søndag. Det har vore ei lettare gruppe denne veka. Vi vart letta etter sigeren og av at vi scorar fire mål på bortebane, i tillegg til at det var ein bra prestasjon. No ønskjer vi å sørge for at det blir fleire slike veker framover, der vi får glede oss over både prestasjonar og sigrar, seier Eid.

Denne veka har Hødd trent litt på Høddvoll og litt i Haddal grunna TV-innspeling av «Heimebane». Siste førebuingane blir gjort på Solsida.

– Men vi satsar på å få spele kampen på stadion, ler Eid.

Vi gje tilbake

Han meiner Hødd har levert betre og betre prestasjonar dei siste vekene, og ønskjer at laget skal bygge vidare på dette. Og at Hødd-fansen skal få meir å juble for på heimebane.

– Fana får kome med det dei har, men vi skal tenne på alle pluggar og gå ut for å vise at heime på Høddvoll så skal vi vere eit betre lag. Vi er veldig glade for at vi har eit så godt publikum, med Blåsarane i spissen, og for at så mange kjem for å sjå oss også i 2.-divisjon. Vi ønskjer å gje noko tilbake til dei som alltid møter opp og støttar oss, fortel Eid.

Trenaren kan gle seg over at han har ein tropp med få fråvær. På skadefronten er det berre Vegard Heltne og Martin Mork Breivik som er ute. Magnus Myklebust blir truleg ikkje med mot Fana, men skal nærme seg. Eid får også tilbake Jesper Törnqvist etter karantene.

Med tre poeng mot Odd 2 vart det ei litt større luke ned til dei tre nedrykksplassane for Hødd. Fana ligg på 12.-plassen før denne runden, fem poeng bak Hødd. Dersom Hødd tek alle poeng sundag kan laget truleg byrje å sjå meir oppover på tabellen, men då må det bli tre poeng mot Fana.