Sidan august har Karl Oskar Fjørtoft vore tilsett som assistenttrenar i Hødd på ei korttidskontrakt. Torsdag vart det klart at mannen som har spelt i både Hødd, Aalesund, Rosenborg, Molde og Hammarby skal trene Brattvåg IL dei to neste sesongane.
Sunnmørsposten skreiv tidlegare i dag at Fjørtoft og Rune Ulvestad hadde signert toårskontrakter med Brattvåg, og dette stadfestar klubben på sine nettsider i ettermiddag.
Karl Oskar Fjørtoft starta i stillinga frå 1. desember, medan assistenten Rune Ulvestad tek til frå årsskiftet.
Brattvåg spelte i 2.-divisjon denne sesongen, men rykte ned til neste års 3.-divisjon.