Det gjeld Andreas Rekdal, Jan Lennart Urke og Eirik Heltne. Alle har kontraktar som går ut ved nyttår.
Cupfinalehelten Andreas Rekdal fortel at forhandlingane har starta.
– Eg hadde møte med Vinjar Vikanes (kontraktsforhandlar) sist veke. Så reiste både eg og han vekk, så vi har ikkje fullført samtalane. Men håpet er å komme til einigheit før jul, fortel Rekdal på telefon frå ferie i Manchester.
Han vender snuten mot Norge igjen i dag.
NM-helt
Rekdal signerte for Hødd frå LGFK like midt i august. Sjølv om 23-åringen aldri rakk å bli bankers på laget vil ingen gløyme at han spelte for Hødd i haust. Rekdal scora nemleg på det avgjerande straffesparket som sikra laget NM-gull 25. november. I fjor var Andreas Rekdal også med i LGFK sitt trenarteam. Det ligg an til at han får ei rolle rundt 3.-divisjonslaget deira også i 2013. Men avtalen med Hødd må signerast før han kan seie noko endeleg.
Vil bli førstekeeper
Hødd har ingen keeperar på kontrakt per dato, men Jan Lennart Urke reknar med å signere ein ny avtale om ikkje lenge.
– Eg var i møte med Vinjar Vikanes same dag som Andreas Rekdal og Eirik Heltne. Eg har ikkje fått noko tilbod enno, men reknar med å få det snarleg. Det hadde vore greitt å få ordna dette før jul, seier Urke til Vikebladet Vestposten.
– Hødd har sagt dei skal hente inn ein ny ekstern keeper. Ser du for deg ein ny sesong som andrekeeper?
– Eg har fått med meg at Hødd ønskjer å hente inn ein keeper til. Men eg har ein klar ambisjon om å stå fast neste år. Datoen 7. april er kryssa av på kalenderen, for å seie det slik.
7. april er dagen Hødd serieopnar borte mot Fredrikstad.
*
Eirik Heltne har tidlegare signalisert til lokalavisa at han truleg held fram i Hødd.
12 på kontrakt
* Hødd har per dato 13 spelarar med kontrakt for neste år eller lengre: Ørjan Engen Grimstad, Steffen Moltu, Ruben-Kenneth Brandal, Akeem Latifu, Victor Grodås, Erik Sandal, Fredrik Aursnes, Sivert Heltne Nilsen, Pål André Helland, Espen Standal, Vegard Heltne, Thomas Lid Kleppe, Bendik Torset. (Av desse er Kleppe likevel rekna som usikker med tanke på neste sesong)
* Desse har slutta etter inneverande sesong: Fredrik Klock (lagt opp), Ørjan Håskjold Nyland (Molde), Kjell Rune Sellin (Tilbake i AaFK etter lån), Kazeem Ahmed (får ikkje ny kontrakt) og Elias Nonso Lala (får ikkje ny kontrakt).
* Desse står utan kontrakt, men er venta å skrive under før jul: Eirik Heltne, Jan Lennart Urke, Andreas Rekdal
* Christian Mork har heller ikkje kontrakt. Han er venta å signere for ein annen klubb i vinter.
Les også: