Andersen fekk eit diplom som synleg bevis på utmerkinga under Grendacupen 29. november.
Idrettslagsleiar Hans Gisle Holstad, Grendacup-speaker Tommy Torsvik og ordførar Anders Riise stod for utdelinga.
Juryen består av medlemmer både frå fotballstyret og Grendacup-styret. I grunngjevinga vart det lagt vekt på at Tor Henning Andersen nesten på eiga hand har tatt seg av banestellet i 2012. Gjennom vinteren rydda han kunstgrasbana for snø fleire gonger dagleg om nødvendig. Frå våren av har Andersen stelt grasbana fleire gonger i veka.
Dette kjem i tillegg til alle oppgåvene han har på og rundt klubbhuset til Hareid IL, og at Andersen representerer klubben som dommar.