I år har gokartkøyrar Jonas Moe Sundgot (13 år, snart 14) valt å gå opp ein klasse. Han køyrer no i klasse KF3, stor ramme med 125 cc motor.  I helga deltok han i Norgescupen på Starmoen motorsenter i Elverum. Det var 20 til start i denne klassen og Jonas vart nummer fem. Dette var det fjerde gokartløpet han har delteke i denne sesongen, der han også har lege på topp 5. Neste planlagte løp er NM på Rudskogen.