Medan det norske A-landslaget skal ut i playoffkampar for å kome til EM i Frankrike, skal også U21-landslaget i aksjon dei neste to vekene.

Leif Gunnar Smerud sine spelarar skal spele to privatlandskampar, borte mot Polen og Irland. Datoane for landskampane er 12. og 17. november.

Hødd-spelar Fredrik Aursnes er i troppen til dei to landskampane. Frå Obos-ligaen er det elles berre Petter Strand og Bjørn Inge Utvik frå Sogndal, samt Jonas Grønner frå Brann som har fått plass i troppen.

Sundag spelar Hødd kvalifiseringskamp heime mot Jerv, og dersom Hødd skulle ta seg vidare frå denne kampen skal laget opp mot vinnaren av Kristiansund - Ranheim 15. november. Opprykksfinalane mot det tredje dårlegaste laget i Tippeligaen blir spelt på nokre av desse datoane: 18/11, 21/11, 22/11 og 25/11. Dermed kan det verte vanskeleg å få med seg både kvalifisering og landskampar for Aursnes, dersom Hødd tek seg forbi Jerv på sundag.

Heile troppen:

Sondre Løvseth Rossbach - Odd

Per Kristian Bråtveit - Haugesund

Fredrik Aursnes - Hødd

Zymer Bytyqi - Viking

Iver Fossum - Strømsgodset

Thomas Grøgaard - Odd

Jonas Grønner - Brann

Kristoffer Haraldseid - Haugesund

Kristoffer Haugen - Viking

Eirik Hestad - Molde

Ulrik Yttergård Jenssen - Lyon

Martin Rønning Ovenstad - Strømsgodset

Petter Strand - Sogndal

Alexander Sørloth - Bodø7Glimt

Morten Thorsby - Heerenveen

Anders Trondsen - Sarpsborg 08

Bjørn Inge Utvik - Sogndal

Ghayas Zahid - Vålerenga