Denne helga er det klart for tre kampar i kvinnene sin 4.-divisjon i handball i Ulsteinhallen. Blant dei eit skikkeleg lokaloppgjer.

Laurdag spelar begge Hødd sine lag på heimebane. Hødd 2 møter Langevåg 2, som har starta sesongen med fem sigrar på sine første sju kampar. For to veker sidan møtte laget Hødd 1 og då enda kampen 25-25 i Sulahallen. Hødd 1 skal laurdag i aksjon heime mot Sykkylven/Stranda. Hødd 1 tapte sine to første kampar, men står no med to sigrar og ein uavgjort på dei tre siste. Sykkylven/Stranda har vunne to og tapt tre så langt denne sesongen.

Sundag er det klart for årets første Hødd-duell. Då møtest nemleg dei to Hødd-laga til dyst i Ulsteinhallen.Hareid skal også spele denne helga, men då på bortebane.

Hareid reiser laurdag for å spele mot Godøy, som står med fire sigrar på seks kampar.

Det blir også spelt ei rekkje aldersbestemte kampar i Ulsteinhallen både laurdag og sundag.