Det melder klubben på si nettside. Joachim spelte 100 a-kampar for Hareid før han fylte 20 år, men melde overgang til Lokomotiv Oslo i 2012. Der han har spelt sidan, med unntak av eit opphald i Hareid i fjor. Joachim blir speleklar til torsdagens heimekamp mot Blindheim. Signeringa kjem godt med, sidan Hareid har mange skadar om dagen. Joachim blir på Hareid fram til månadsskiftet august/september. Då reiser han vidare til USA.