Det vart eit lokaloppgjer med mykje dramatikk. Om ikkje tempoet var like bra heile kampen tok oppgjeret fleire gonger nye og overraskande vendingar. Like før full tid såg Haddal nøgde ut med eitt poeng. Så fekk dei brått ei tilsynelatande billeg straffe to minutt på overtid, som Cato Veien sette i mål. Då følte nok HIL2/HIL seg snytt for poeng. Men heimelaget gjekk rett i angrep og fekk 3-3 ved Ivar André Aadland. Så alt i alt sat nok begge laga igjen med blanda kjensler etter kampen.

Det var HIL2/HIL som starta best og hadde eit greitt trykk dei første 10-15 minutta. Så kom Haddal meir med, og Daniel Hatløy sette inn 0-1 etter 24 minutt. HIL2/HIL mista ballen midt på bana og Hatløy var iskald åleine mot heimelagets keeperdebutant Sigve Overå Hide (99-modell som spelar på dispensasjon). HIL2/HIL sette innpå kjappe kantspelarar i Runar Stranden og Fredrik Andresen, som stadig var farleg frampå. Andresen vart etter alt å dømme snytt for ei soleklar straffe etter halvtimen, men dommar Sørensen let vere å blåse. Det gjorde han derimot like før pause då HIL2/HIL-toppscorar Arthur Hareide vart tatt inne i feltet av Haddal-keeper Thor Erik Andersen (Hareide måtte ut med skade og kom ikkje innpå igjen). Benjamin Slettebakk har aldri scora på seniornivå, og ikkje i det heile på åtte år. Derfor fekk han ta straffa. Andersen redda både straffa og den første returen, men den andre (altså det tredje skotet) sette Slettebakk i mål. Feiringa gav forresten gult kort.

HIL2/HIL fekk etter kvart festa eit bra grep om kampen i 2. omgang, og det var i grunnen fortent at dei tok leiinga etter 73 minutt. Andresen gjorde eit flott forarbeid på høgresida – og Stranden på ope mål frå om lag éin meter. Etter målet såg begge laga ganske tomme ut, sjølv om vi noterte eit par farlege HIL2/HIL-langskot og eit annullert mål. Men i det 80. minutt fekk Haddal straffe, og Cato Veien scora sikkert. Det gjekk mot 2-2  - før det altså vart ein del dramatikk i overtida.

Kampfakta6.-divisjon Søre, runde 5Hareid 2.-lag/Hjørungavåg – Haddal 3-3 (1-1)Hareid stadionTilskodarar: 30Mål: 0-1 Hatløy (24), 1-1 Slettebakk (44), 2-1 Stranden (73), 2-2 Veien (80, straffe), 2-3 Veien (straffe, 90+2) 3-3 Aadland (90+3)Dommar: Svein Ole Sørensen, VRFGule kort: Slettebakk, Brandal (HIL2HIL), Andersen, Ringstad (Haddal)HIL2/HIL: Sigve Overå Hide – Antoni Gardshol, Ole André Kragset, Odd-Magne Brandal (K), Martinus Warholm – Kristian Myklebust, Ivar André Aadland, Benjamin Slettebakk, Arthur Hareide – Per Ståle Nykrem – Einar Orten Trovåg + Runar Stranden, Fredrik Andresen, Thanusan Tharumalingam, Hazhir Alipoor, Ulrich Kurseth, André Egset Nupen.Haddal: Thor Erik Andersen, Nikolai Yksnøy, Jonas Ringstad, Olav Hofseth, Cato Veien (K), Simon Sundal, Daniel Hatløy, Joe Kijjarak, Iver Osnes, Karl Johan Hauge, Fredrik Ringstad, Kjell Børge Hildre, Kjell Thomas Pilskog