Hødd og Lyn møttest to gongar på Oppegård Cup i vår. Begge møta gjekk Hødd sigrande ut av, i finalen vann Hødd heile 4–0. Då var ikkje kaptein Marit Fintland Vikebakk klar over kva lag dei hadde med å gjere.

– Eg hugsar det var kjekt å slå dei 4-1, men då viste eg ikkje at dei var såpass gode som dei har vist seg å vere. Dei mangla rett nok litt spelarar då, seier Vikebakk og viser til at Lyn sine krinslagsspelarar ikkje deltok på eliteturneringa.

Vikebakk er kaptein og midstoppar for Hødd, og har begynt å merke alvoret. Dei siste treningane har blitt brukt på terping av spelemønster og berre to dagar før finalen begynner nervane å melde seg.

– Eg er i hvertfall nervøs, men eg veit ikkje heilt med dei andre, seier Vikebakk.

– Norges beste jentelag

– Det som er heilt klart er at vi møter Norges beste jentelag. Dei har kjempegode kull i alle årsklassar og eit veldig godt treningsmiljø, slår trenar Harald H. Rise fast og forklarer at Lyn har blitt eit slags samlingspunkt for alle dei beste spelarane i Oslo-området grunna sitt gode fotballmiljø.

Dei svært aktive jentene i Hødd har i haust slite ein del med belastningsskadar og anna smårusk.

– Dei siste vekene har vi brukt mykje tid på å prøve å bli kvitt skadar, men sann det er no har vi bra kontroll. Alle skal vere speleklare og eg reknar med at dei ikkje kjenner smertene på laurdag – dei får heller vere litt låke etterpå, ler Rise.

Han er ikkje i tvil om at NM-finale er det største innan jentefotball.

-Det er utvilsamt det største i Norge. I Norway Cup er ikkje alle dei beste med, banene er dårlege og turneringa vert veldig prega av tilfelle, seier Rise.

Norway Cup-vinnarar Høddjentene er nok også ute etter revansj frå årets Norway Cup der dei rauk ut i 16.-delsfinalen på straffekonk. Laurdagens motstandar Lyn, vann den store turneringa.

No står att årets store høgdepunkt på laurdag, før sesongen avsluttast seinare i månaden. Rise trur Høddjentene kan ha eit lite psykologisk overtak.

– Forhåpentlegvis kan det gjere Lyn litt usikre at dei veit vi har slått dei før.

Det seiersvante bortelaget er audmjuke i si skildring av cupfinalen på Høddvoll.

– Kva veit vi om laget vi skal møte? Jo vi møtte dei i vårcup på Oppegård, der vi tapte to gangar, både i puljespillet og i finalen. Ikkje særleg tvil om at vi må opp på maks skal vi klare å slå Hødd, skriv dei på nettsida si.

Kampen går klokka 15:00 på Høddvoll, laurdag.