Hareid er heldigvis ein divisjon over Åram/Van-Kam enno, og det viste igjen i treningskampen fredag. Det enda til slutt 4-0, i ein kamp der Hareid burde scora langt fleire, og bortelaget kanskje burde netta ein gong på Hareidsmyrane. - Vi prøvar å spele fotball og ikkje dunke og druse, og då blir det litt upresist inn i mellom. Det var ei vanskeleg bane i dag, men vi hadde kontroll frå første minutt, kommenterte Bjørge Worren som tok over Hareid før nyttår. Hareid - som stilte i gule drakter grunna problem med dei raude - spelte relativt god fotball frå start av. Med fleire spelarar tilbake på laget, og spelarar på plassar dei ikkje var heilt vane med. Åram/Van-Kam som kom med ei særs ung tropp, klarte aldri å kome heilt på høgde med Hareid, men forsvarte seg godt, samtidig som Hareid sløste. Etter 26 minutt kom 1-0 til Hareid. Etter ein corner heada Eiliv-Tore Howlid ballen sikkert i mål bak keeper. Hareid heldt oppe presset, og etter 37 minutt kom 2-0. Remi Helleseth, som er tilbake i Hareidsdrakta, skaut med feil fot til 2-0 frå 14 meter. Det stod seg til pause. I andre omgang var Hareid framleis eit hestehovud framfor bortelaget, og etter 63 minutt kom 3-0. Benjamin Reite fekk ballen etter ei dårleg klarering frå Åram/Van-Kam etter innlegg, og Reite skaut ballen frå 20 meter til høgre for keeper. Sjølv om bortelaget kunne scora med litt meir tur, då dei blant anna hadde skot i tverrliggaren og var åleine med keeper, kom det aldri. I staden fastsette Ronny Jørgensen sluttresultatet til 4-0 etter 72 minutt med eit skot frå 18 meter. - Det var mykje positivt, men vi burde vunne meir. Det er ting eg er fornøgd med, og ting eg ikkje er fornøgd med, sa Worren.

- Ser optimistisk på ting

Etter årets første siger for Hareid og trenar Bjørge Worren, ser det lyst ut for Hareid - sjølv om Åram/Van-Kam ikkje er den beste målestokken. Fram mot sesongstart skal i alle fall spelarane få køyrt seg - noko dei er innstilte på. - Veit aldri korleis forma er, men vi - trenarane - skal gjere vårt med treningsopplegg for at spelarane skal vere i form. Det enklaste å gjere noko med er den fysiske forma, og det er berre å køyre opp kondisjon og styrke. - Vi skal trene veldig hardt, noko spelarane er innstilte på. Dei har sagt at det er slik dei vil ha det. Eg ser optimisitisk på ting, fortel Worren. Worren fortel at Hareid ikkje har sett noko klart mål for årets fotballsesong. - Vi har ikkje sett noko mål, men målet må vel vere å gjere det betre enn i fjor, og halde oss. Blir det nye divisjonsforslag, så må vi vel hamne blant dei seks beste. Der er mykje potensial, og vi kan overraske positivt. - Folk seier Hareid ikkje har fått nye spelarar. Det stemmer det, men vi har fått tilbake spelarar som har vore i Hareid før. Eg føler vi har fått nok folk som har spelt tidlegare og er gode. Dei har holdt nivået før, så kvifor ikkje no?, undrar Worren. Neste helg skal Hareid møte Gursken/Larsnes - laget som er ein av favorittane til å rykkje opp frå 4.divisjon, sjølv om dei rykte opp frå 5.divisjon i fjor. - Det blir ein heilt anna målestokk, og eg håper at mange av dei som var sjuke og skadde denne veka er tilbake. Men eg ser at når nokon er ute, så viser andre seg fram, og dagens kamp var ei positiv oppleving for mange, slår trenaren fast. - Det er bevisst at vi vil ha mange treningskampar, og vi vil avtale fleire. Ørsta og Bergsøy kanskje, men vi må få spelt mot Bergsøy, avsluttar han.