Hasundgot spelte ein viktig botnkamp i 5.-divisjon borte mot Sunnylven/Stranda II tysdag kveld.

Det var heimelaget som tok leiinga på Hellesylt etter tre minutt, men derifrå og ut var Hasundgot klart best. Dei gav seg ikkje før resultattavla viste 1-7. Det var Hasundgots andre seriesiger i år.

For Hasundgot scora Eirik Kalvø Vattøy (3), Tore Romestrand (2), Hallbjørn Hasund Thorseth og Ole Kristian Gjerde.

Eirik, bror til Hareid-spelar Ola, spelte faktisk sin første seniorkamp for Hasundgot. Det blir truleg fleire.

Les meir frå kampen i torsdagsnummeret.

Resten av 5.-divisjonsrunden blir spelt onsdag og torsdag.

Tabellen.