Hødd tapte berre éin kamp i denne vinterserien. Det var mot Molde, som vann serien suverent med 18 av 18 poeng. Træff tok andreplassen med 10 poeng, medan både Hødd og Volda fekk ni poeng. Betre målforskjell sikra Hødd tredjeplassen.

Mot Volda søndag var det Ragnhild Ertesvåg som utlikna for Hødd på straffe etter 76 minutt. Ifølgje voldasupporter.com tok Volda leiinga ved Kristine Sætre etter eit kvarter.

Laurdag vann Hødd 6-0 mot Sogndal.