Hødd 2 hadde vunne begge heimekampane, men tapt begge bortekampane så langt i årets sesong. Måndag kveld kom første bortesigeren.
Motstandar var Surnadal, som før kampen mot Hødd 2 hadde plukka med seg eitt poeng på dei fire første kampane.
Hødd stilte igjen med eit ungt lag på bortebane, og det var heimelaget som kom best igang i Surnadal. Etter 26 minutt scora Knut Ola Høvik, då han lobba ballen over Hødd-keeper Ståle Pettersen.
Leiinga stod seg til det var spelt 63 minutt, då Bendik Rise scora etter ei Hødd-kontring. Bortelaget pressa på for ei avgjerande scoring, men måtte vente til to minutt før full tid før den kom.
Sondre Beite var mannen som avgjorde det heile for Hødd 2, og det gjorde han etter ein flott soloprestasjon. Og med det vart det tre poeng til Hødd 2, som dermed gjorde eit byks oppover på tabellen.
Neste kamp for Hødd 2 er heime mot Stryn komande laurdag.
Kampfakta:
Surnadal - Hødd2 1 - 2 (0-1)
Syltøran
Dommar: Lars Bjørnar Frostad, Fiksdal/Rekdal BK.
Gule kort Hødd2: Daniel Haanes, Sveinung Sæterås, Bendik Rise
Mål Hødd2: Bendik Rise, Sondre Beite.
Hødd2: Ståle Pettersen - Martin Mork Breivik, Daniel Eid, Johannes Sundgot, William Fjørtoft (Sander Djupvik 50) - Sveinung Sæterås (Mattis Ringstad 76), Daniel Haanes, Eirik Saunes - Peter Hasund (Håkon Brautaset 60), Sondre Beite, Bendik Rise