Måndag leia Sindre Eid Hødd i ein historisk kamp på nye Høddvoll. Den første seriekampen på ny stadion, med offisiell opning, mykje publikum og eit heimelag som kom svært godt i gang.
- Vi hadde ein stor sjanse like før pause med Eirik Ulland Andersen, og hadde han sett den sjansen, hadde vi kanskje stått her med tre poeng no. I andre omgang blir vi pressa bakover på bana og vi evner ikkje å få laget ut igjen og halde på ballen. Ein omgang vi er godt fornøgde med og ein omgang vi ikkje er så fornøgde med. Så får vi satse på at vi kan spele like godt som i fyrste omgang i lengre perioder i neste kamp mot Brann, seier Eid.
I den andre omgangen blei Hødd pressa meir bakover og laget fekk ikkje sett spelet sitt slik som i den første.
- Vi klarer ikkje å ta tak i kampen etter pause og sånn sett er det kanskje rettferdig at det blir 1-1. Aslak Falch står ein god kamp for oss, og ein ser at han har jobba hardt og utvikla feltarbeidet sitt frå i fjor og det er veldig kjekt å sjå.
Keeperen var Hødd sin beste spelar i første kamp mot Strømmen, og viste nok ein gong at han kan bli viktig for Hødd denne sesongen.
Sondre Beite kom inn for Michael Karlsen mot slutten av kampen, og heile Høddvoll var i harnisk då han blei avvinka for offside med berre keeper mellom seg og målet.
- Den vil eg gjerne sjå igjen, men linjemannen har betre vinkel enn det vi har, så eg håpar at han gjer rett.
For å ta tre poeng i neste kamp mot Brann seier Eid at laget hans skal fortsette med det dei har gjort, og at dei skal jobbe steinhardt på trening. Fire poeng på dei to fyrste kampane er godkjent og no skal dei berre bli betre og betre utover våren.
Hødd har no gjort unna den første kampen på si nye heimebane og Sindre Eid fortel at dei nye rammene rundt kampane, både for spelarar, publikum og sponsorar er eit eventyr for ein klubb som Hødd.