I 1. omgang hadde Nyland heller lite å gjere. Tromsø hadde fleire avslutningar, men ingen som gjekk innanfor stengene til Nyland. Voldingen fekk derimot langt meir å gjere seinare i kampen. Etter 74 minutt varta han opp med ei Gordon Banks mot Brasil-liknande redning då Zdenek Ondrasek heada hardt mot mål. Då hadde han alt redda eit knallhardt skot frå Ole Martin Årst med hovudet (!).
Strafferedning
Det var meir i vente i ekstraomgangane. 22-åringen redda flott då Ruben Kristiansen prøvde seg like før tida var ute. Då hadde NFF alt kåra han til banens bestemann. Også i straffesparkkonkurransen vart Hødd-keeperen avgjerande, då han redda forsøket frå Remi Johansen.
- Å vinne cupen er heilt topp. Det var 8000-10 000 som heia på oss, og det var ei stor kjensle å klare det. Vi var underdogs, men vi reiste ikkje hit for å tape, sa Ørjan Håskjold Nyland i pressesona etter medaljeseremonien.
Forsvinn frå Hødd?
Hødd-keeperen har kontrakt ut november, noko som betyr at han er ledig på marknaden. Og Nyland har ikkje lagt skjul på at han kan tenke seg å spele i Tippeligaen. Start, Sogndal, Molde og Rosenborg er klubbar som har blitt nemnde, men Nyland held korta tett til brystet.
- Eg har ikkje bestemt meg, og kjem heller ikkje til å bruke tid på det valet i kveld. Eg har ambisjonar om å spele på a-landslaget, men i kveld skal vi kose oss, smilte ein lukkeleg Ørjan Håskjold Nyland.