* Første kamp enda med 6-1-tap mot Leicester U18. Mats Øvrebotten reduserte til 3-1 for Hødd.
* Så tapte Hødd 3-0 mot Stoke U18, eit godt lag som tidlegare i år har slått Liverpool. Kampen var jamnare enn resultatet viste. Sjansestatistikken var ganske jamn, skriv Harald H. Rise på Hødd si heimeside.
* I siste kamp vart Nice Academy for sterke med siffera 4-0. - Sjølv om Hødd etter kvart bytta så mange som ti spelarar, greidde gutane å legge større press på motstandarane, samtidig som vi våga å utfordre meir og etablere eit eige spel. Kampen var alt i alt ganske jamn den siste omgangen. Alt i alt svært god innsats av alle mann, melder Harald H. Rise.
Trass i tre tap blir treningsleiren rekna som svært lærerik og nyttig.
Hødd hadde med desse spelarane: Ole Monrad Alme, Alexander Eksund, Mathias Grimstad, Markus Hjorthaug, Eirik Kristiansen, Pål Hofset Skeide, Henrik Gjengår, Nils Erik Engen, Torvald Ringstad, Mats Øvrebotten og Martin Mork Breivik, Bendik Rise, Audun Øvrelid (hospitant frå Hareid), Håkon Orten Trovåg, Eirik Bringsvor, William Eikrem, Amund Rasmussen, Henrik Grimstad, Eirik B. Sæther, Håvard Strand, Amund Krogsæter, Kristoffer Flø.