Fredrik Aursnes (17) har forlenga kontrakten sin med Hødd til å gjelde ut sesongen 2015. "Aurs" spelte a-lagsfotball for Hareid i 2010 og 2011 før han melde overgang til Hødd.

Så langt står 17-åringen med 49 a-kampar og tre mål i Hødd. Det første målet kom i NM-semifinalen mot Brann i fjor og det siste heime mot Stabæk for ti dagar sidan.

Aursnes vart kåra til årets unge Hødd-spelar i fjor. Han vart også cupmeister nummer 1000 på herresida i Norge.

- Fredrik skal få tid og ro til å utvikle seg vidare i trygge omgjevnader her i Hødd. Han er ein spelar litt utanom det vanlege, som vi skal ta godt vare på. I tillegg til å vere ein lovande fotballspelar er Fredrik ein flott gut som har alle moglegheiter til å nå langt med fotballen, og vi skal hjelpe han på vegen, seier sportssjef André Nevstad om Aursnes sin nye kontrakt.

Les også:

* Aurs tek ikkje av