Etter at Hødds J19-lag sende fylkesrivalen Molde FK ut av NM for dryge to veker sidan, er dei klare for andre runde i Telenor Cupen. Der ventar Stabæk i Bærum søndag 9. juni.

At dei aller fleste av J19-spelarane også spelar på A-laget, skapar nokre utfordringar for Hødd-leiren.

Må flytte kamp

I følge kampoppsettet skal damelaget spele bortekamp mot Egge på same dagen. Den kampen håpar Hødd kan flyttast til eit seinare tidspunkt.

- Vi jobbar med saka. Ettersom Freidig trekte laget sitt frå serien så fekk vi ei "frihelg" den veka. Vi håpar at vi får flytta kampen til den datoen, seier Ole Per Kragset, som er trenar for begge laga.

- Artig

Uansett så gler Hødd-trenaren seg til oppgjeret mot Stabæk.

Å få oppleve noko annleis trur han berre er positivt.

- Ja, det var veldig artig når vi fekk dei. Eg trur det blir kjekt for jentene å få ein slik kamp. Det blir i alle fall ei god utfordring dei, seier trenaren.

Treng poeng

Det er likevel noko heilt anna som står i hovudet til Kragset for tida.

- Først av alt må vi byrje å ta poeng i serien. I tillegg så har vi eit stygt tap frå fjoråret å revansjere når vi reiser til Hedmark for å spele mot Tynset på laurdag, forklarar han og siktar mot 8-0-tapet i fjor.

Damelaget har berre teke eitt poeng så langt i årets sesong og ligg på ein 7. plass.

Clausenengen og Sunndal ligg begge sist på tabellen med 0 poeng, men har høvevis éin og to kampar mindre spelt enn Hødd.