Både Hødd 2 og Spjelkavik (samt Skarbøvik) har 34 poeng etter at den 23. runden i 3.-divisjon avd. 8 er gjennomført.

Måndag møttest tabellnaboane til dyst i vinden på Høddvoll, og det blei ein tøff og tett kamp mellom dei to laga.

- Vi møter eit stort lag, både i høgde og i kg. I den første omgangen har dei medvind i ryggen og alle dødballane blir pumpa inn i feltet. Då får ikkje vi gjort det vi har trent på, fortel trenar Kenneth Moldskred etter kampen.

Han fekk sjå at Hødd-spelarane løfta seg når dei ikkje lenger måtte kjempe i motvind, og frå avspark i andre var det stort sett heimelaget som dominerte. Dessverre for Hødd sin del var det ingen av heimelaget sine spelarar som klarte å finne vegen til nettmaskene. Noko skuffande med tanke på at Hødd 2 stilte med både Espen Standal, Franjo Tepuric og Robin Hjelmeseth frå start.

I den første omgangen var det langt mellom sjansane, men begge lag fekk eit par feite mogelegheiter til å score det første målet. Utover i andre var det hovudsakleg Hødd som stod for sjansane, medan Spjelkavik berre klarte å snike seg til nokre få mogelegheiter.

Etter kvart var det berre effektiviteten som mangla for Hødd, og mellom anna Espen Standal hadde gode sjansar til å setje både eitt og to mål. Han var til og med nære ved å score frå nærare 50 meter, men ballen gjekk like over mål.

- Det er litt slik det blir når vi må forholde oss til nye folk kvar kamp. Det er sjeldan det er dei same som spelar kamp etter kamp. Det fører til at relasjonane mellom spelarane manglar. Samstundes så får vi til det vi skulle prøve på, framstå som eit lag og ha godt balltempo, men i dag får vi ikkje ballen i mål.

Medan effektiviteten som mangla framover, var det ikkje mykje å utsette på det defensive spelet Hødd leverte. Jan-Lennart Urke var sikker bakerst, og framom seg hadde han eit ungt, men solid forsvar.

- Eg er imponert over den bakre fireren i dag. Reint juniorforsvar, med ein venstreback frå gutelaget. All honnør til dei, slår Hødd-trenaren fast.

Kampfakta:

3.-divisjon avd. 8 runde 23Hødd - Spjelkavik 0 - 0Høddvoll kunstgrasTilskodarar: Ca 50Dommar: Even Myrheim, Emblem IL

Hødd: 451/433: Jan-Lennart Urke - Audun Kåre Øvrelid, Martin Mork Breivik, Isak Haanes, Eirik Sundgot Kristiansen- Henrik Grimstad, Bendik Rise (Daniel Haanes), Joakim Wrele - Robin Hjelmeseth, Franjo Tepuric (Sondre Sandnes Beite), Espen Standal.

*** Henrik Grimstad**Audun Kåre Øvrelid* Jan-Lennart Urke