Aldri har Hødd hatt så mykje å feire som etter nettopp denne sesongen. Då tenkjer vi sjølvsagt først og fremst på a-lagets NM-gull 25. november. Men det er mykje anna bra som skjer i Hødd. 47 fotballag var påmelde seriane, noko som er ny klubbrekord. Fire av dei tok KM-gull i sine seriar.

Turngruppa har også markert seg, og stakk av med stemneprisen i Kristiansund denne sesongen. Utøvarar i RG-gruppa (rytmisk sportsgymnastikk) har vunne fleire nasjonale konkurransar, samt NM i firekamp.

Handballgruppa er i vekst og har 169 aktive spelarar. Trimgruppa har jamleg faste arrangement som trekker til seg mykje folk.

Alt dette er dokumentert på ein flott måte i Arne Flatin si årbok. Om ikkje alle Hødd-medlemmene har blitt fotograferte, kan det heller ikkje vere langt unna. Boka inkluderer bilete av alle laga i idrettslaget, og mykje meir til.

Forfattar Arne Flatin og hovudlagsleiar Einar Warholm har skrive kvar sine forord. Deretter kjem eit oversiktleg kapittel om a-laget sin seriesesong. Vidare får Hødd 2, Blåsarane, damelaget og breiddegruppa i fotball eigne kapittel.

Det sjette kapittelet tar føre seg ulike eldsjeler i Hødd, før vi vel midtvegs i heftet kjem til eit eige kapittel om handball. Deretter står turn og trim for tur.

Linda Eikrem (gift med Arne Flatin) har skrive eit artig skråblikk ho har kalla “Det eigentlege bakrommet”.

Dei siste sidene er sett av til Hødd si fantastiske cupferd.

Det siste temaet kunne det sikkert ha vore skrive mykje meir om, men deadlinen til Flatin var svært knapp.

Alt i alt er dette ei svært innhaldsrik årbok (116 sider), som vi reknar med vil falle mange i smak.