Saman med Ingebrigtsen-brørne er den nybakte europameisteren Karsten Warholm det store trekkplasteret før NM på Byrkjelo denne helga.

Som i NM er Warholm meldt opp både på 400 meter og 400 meter hekk og det blir spanande å sjå kor godt Warholm har klart å hente seg inn etter kraftprøva han var gjennom i Berlin.

Samstundes er ikkje Warholm den einaste grønkledde som tek turen til Byrkjelo. Dimna IL har åtte individuelle utøvarar til start i NM, i tillegg til stafettlag for både kvinner og menn.

Tre moglege distansar for Ådne

Ådne Andersen har ikkje konkurrert veldig mykje denne sesongen, men kan gå mot eit hektisk NM. Der er han nemleg registrert både på 1500 meter, 3000 meter hinder og 5000 meter.

Ifølgje Dimna-trenar Arve Hatløy blir det nok likevel ikkje tre øvingar for Andersen.

– Ådne kan vere ein outsider til medalje på det han vel å stille på. Mest truleg prioriterer han nok 3000 meter hinder først. På grunn av studiar og sånne ting blei det ein litt sein start på sesongen og det har vore få løp, men han har vore her no i sommar og trent veldig bra. Han er på stigande form og kjende seg veldig bra på trening tysdag, så eg trur han nærmar seg toppforma, fortel Hatløy.

Dimna-trenaren fortel at dei reiser til Byrkjelo med tre medaljehåp. I tillegg til Karsten Warholm og Ådne Andersen kan også Fride Møller Flatin vere ei å følgje med på.

– Fride er i god form på kappgang og kan vere medaljekandidat der, seier Hatløy.

Frå idrettsleikar til NM

Til Byrkjelo skal også Jonas André Ose (100 og 200m), Anna Garnes Kleven (200m og lengde), Alice Ulla Berg (400m), Caroline Sætre (400hk og lengde) og Johanne Rise Kvalen (lengde). Denne veka har gjengen vore instruktørar under Dimna IL sine idrettsleikar på Høddvoll og det har blitt ei hektisk opplading til NM.

– Det er nokre som har det litt heftig, men dei skal prøve å ta det litt roleg torsdag så dei ikkje slit seg heilt ut. Det har vore ei hard veke her der dei har halde styr på 100 ungar, smiler Hatløy.

Favoritt: Karsten Warholm er naturleg nok favoritt både på 400 meter og 400 meter hekk under NM på Byrkjelo den komande helga. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes