Hødd stilte med fylgjande lag mot KFUM i Oslo:

Hødd (3-5-2): Ole Monrad Alme – Eirik Haugan, Henrik Breimyr, Steffen Moltu – Daniel Eid, Andreas Breimyr, Marius Hagen, Joakim Wrele, Preben Sætre – Bendik Rise, Markus Naglestad

Innbyte: Jonas Mathiesen, Badr Rahhaoui, Eirik Saunes, Peter Saunes Hasund, Joachim Osvold

Før kamp:

To lag med bra innleiing på sesongen møtest på KFUM-Arena laurdag ettermiddag. Hødd slo Stjørdals-Blink 3-0 i serieopninga, før det blei 0-0 mot Vard Haugesund sist helg. Hødd tok seg også vidare i cupen etter 1-0 over Volda.

KFUM Oslo har starta endå betre og toppar avdelinga med seks poeng. "Kåffa" har slått Vidar og Brattvåg i serien, og slo ut Lokomotiv Oslo i første NM-runde.

Sendinga frå KFUM-Arena startar 13:45.