Hødd-spelar Pål André Helland i duell med Ole Jørgen Halvorsen på Sogndal. Foto: Rune Sjøberg

Sogningane var friskast i opninga, men Hødd spelte seg meir og meir inn i kampen dei første minutta.

Etter om lag 12 minuttar gjorde Hødd-laget det vanskeleg for seg sjølv og gav skotmoglegheiter til vertane.

På eit innkast etter 14 minuttar stanga veteranen Tore André Flo (39) inn leiarmålet via stolpen. Dette tok litt lufta ut av dei blå-kvite.

Erik Sandal var nære ved å utlikne på frispark i det 45. speleminuttet, men ballen strauk stolpen.

Minuttet seinare førte uheldig forsvarsspel til at Tonny Brochmann kunne runde keeper Ørjan Nyland og setje inn 2-0 før pause.

LES OGSÅ: Aursnes debuterte for Hødd

I pausa gjorde Hødd tre byter, mellom anna debutanten Fredrik Aursnes (16).

Andre omgang kom aldri heilt i gang, og det kom ikkje mange store sjansar for nokon av laga.

Hødd verka trygge bakover i andreomgangen, men offensivt vart det litt mange lange ballar og lite kreativitet.

Vikebladet Vestposten kjem tilbake med intervju og reaksjonar.

Aksnes og Fløtre frå start

Øystein Aksnes og Didrik Fløtre starta kampen for Hødd. I tillegg fekk Pål André Helland sin debut frå start i Hødd-drakta.

Hødd (4-3-3): Nyland, Latifu, Moltu, Lid Kleppe, Grodås, Sandal, Heltne Nilsen, Aksnes, Hjelmeset, Fløtre, Helland.

Sogndal (4-4-2): Kenneth Udjus - Tijo Teniste, Gustav Valsvik, Eirik Bakke, Per-Egil Flo - Ole Jørgen Halvorsen, Ayhee Aye Elvis, Henrik Furebotn, Tonny Brochmann - Ulrik Flo, Tore André Flo.

Hødd hadde med 20 spelarar i troppen mot Sogndal: Ørjan Håskjold Nyland, Jan Lennart Urke, Akeem Latifu, Ørjan Engen Grimstad, Thomas Lid Kleppe, Steffen Moltu, Victor Grodås, Ruben Kenneth Brandal, Sivert Heltne Nilsen, Erik Sandal, Bendik Torset, Øystein Aksnes, Fredrik Aursnes, Martin Haanes, Vegard Heltne, Pål Andrè Helland, Didrik Fløtre, Espen Standal og Robin Hjelmeseth.

Michael Karlsen (sjuk), Fredrik Klock, Christian Mork og Eirik Heltne var ikkje er med til Sogndal av dei som er i Hødd-stallen. Magnus Myklebust var det aktuelt å ha med sørover, men han slit med ein vond ankel.

F.v.: Erik Sandal, Øystein Aksnes og Didrik Fløtre. Foto: Rune Sjøberg