På tida 14.05 sprang Karsten Warholm inn til siger på 110m hekk under Världsungdomsspelen i Göteborg søndag ettermiddag.

Denne tida er fem tidelar raskare enn Warholms tidlegare, personlege rekord.

VM-kravet på denne øvinga er 14.24, noko Warholm var godt under.

- Uverkeleg

Også Renate Grimstad gjorde det godt i Göteborg søndag.

Med tida 13.91 sprang ho inn til 2. plass - og ny personleg rekord - i 100m hekk.

Dette var eit resultat Grimstad var svært godt nøgd med.

- Det er litt uverkeleg å kome på pallen i eit slikt selskap, seier 22-åringen.

Nytt sølv

Den siste øvinga for Dimnas IL sin del denne søndagen var 200m for G19.

Også der deltok Warholm. Med litt slitne bein sprang han inn til 2. plass på tida 21.59 sekund.

Warholm vart berre slått av landsmannen Jonathan Quarcoo frå FIK Orion.