– Det var eg som fekk ideen etter to pils på Kaffikari. Eg foreslo at vi kunne ta buss til Alta. Så starta arbeidet med å få inn pris, kontakte bedrifter og den slags. Og no er det ingen veg tilbake, seier Blåsar-sjef Hans Christian «HC» Ødegård like før avreise frå busshaldeplassen i Ulsteinvik.

– Men angrar du no?

– Eg angrar vel eigentleg heile tida. Men eg trur det blir gøy, seier Ødegård.

30 timar

Bussturen til Alta tek 30 timar kvar veg. Blåsarane kjem fram laurdag kveld, og er tilbake natt til tysdag. 15 supporterar er altså med. Ein av dei er Atle Moldskred. Bussferda til Alta blir hans andre fellestur med Blåsarane.

– Turen til Hønefoss var faktisk min første. Men eg har vore på tre bortekampar med Hødd i år. Og alle har enda med siger. Så eg har trua, varslar Moldskred.

Han er spent på kva leiinga i Blåsarane legg inn av sosiale aktivitetar på veg nordover. Atle Moldskred. Sjølv har han pakka Hødd-utstyr og uspesifiserte drikkevarer i bagen.

– Dette forpliktar

Før Blåsarane sette kursen mot Alta i 14-tida fredag var det mange som kom innom for å ønske dei god tur, blant andre Hødd-trenar Sindre Eid og kaptein Jesper Törnqvist.

– Det første som slo meg då eg fekk høyre om dette var at det er forpliktande for oss som trenarar og spelarar. Når dei ofrar så mykje for oss må vi ofre minst like mykje der oppe. Vi har verdas beste supporterar. Det er dette endå eit bevis på, meiner Eid.

– Er det sant at du skal sitje på med bussen heim igjen om det blir tap?

– Eg avkreftar ingenting. Men vi tek kampen først, så får vi sjå, smiler Eid.

– Ein kjempetur

Jesper Törnqvist var sjølv Alta-spelar sist Hødd var i Finnmark, i 2012.

– Det blir ein kjempetur. Eg er usikker på kor mykje dei får sett på veg oppover frå bussen, men dei får sikkert ein kjekk tur. Eg har høyrt dei skal møte Alta-supporterane laurdag kveld. To kjekke gjengar, seier Törnqvist.

Som satsar på Hødd revansjerer 2012-kampen og vinn 5–0.

PS. Følg kampen på vikebladet.no.