Laurdag sikra Karsten Warholm Dimna IL sitt første NM-gull under meisterskapen i Sandnes. Då var det 400 meter og Warholm klokka inn på tida 46,44. Han hadde full kontroll frå start til mål, og det såg ut til at Warholm hadde endå meir inne dersom han hadde hatt bruk for det.

Sigeren på 400 meter forsterka berre favorittstempelet hans før finalen på 400 meter hekk, øvinga der Warholm vann VM-gull tidlegare i månaden.

Av løparane på startstreken var det Warholm som hadde den klart beste personlege rekorden, men Dimna IL hadde også med ein mann til i finalen. Toralv Opsal var rekna som ein av dei som kunne ta medalje, sjølv om det å hamle opp med Warholm truleg ville bli for tøft.

I kjent stil tok Warholm kontroll over løpet frå start. Han sette full fart og hadde god luke ned til nestemann allereie etter første sving. Inn på oppløpet låg det an til ei veldig bra tid frå Warholm som dundra inn til 48,73, ei meget god tid når ein veit kva Warholm har vore gjennom den siste tida. Det er eit stykke bak hans norske rekord, men det raskaste som har blitt løpt i NM og dermed meisterskapsrekord for Warholm. Den gamle var 50,38.

Joachim Sandberg tok andreplassen og Toralv Opsal sikra at det blei to frå Dimna IL på pallen då han sprang inn til bronse.

Dette var Karsten Warholm sitt tredje strake NM-gull på 400 meter hekk.