Måndag fekk Kjetil Rekdal sparken som AaFK-trenar etter ein haust med mykje kontrovers og skuffande prestasjonar.
Diskusjonen om kven som skal ta over for den frittalande romsdalingen er sjølvsagt i full gang.
Rekdal til Ulsteinvik i avskjedsveka
Ein av kandidatane som blir nemnde er hareidsdølen Åge Hareide. Hareide slutta som Viking-trenar i sommar etter skuffande spotslege resultat, og har vore mellombels trenar for Helsingborg IF denne hausten.
Hareide er arbeidslaus når kontrakten med Helsingborg går ut i desember. Hareide gir AaFK skryt i eit intervju som står på trykk i Romsdals Budstikke onsdag, og verkar ikkje heilt uinteressert i jobben.
- AaFK har høgt potensial, stor interesse og eit flott publikum. Det er ein spennande klubb, men eg har ikkje tenkt noko særleg på kva eg skal gjere etter Helsingborg. Eg har eit ganske laidback forhold til dette, seier Hareide til Romsdals Budstikke.
Det er førebels lite handfast informasjon om kven styret i AaFK ser som aktuelle kandidatar til trenarjobben.
Hødd-trenar Nilsen òg nemnt
Bookmakeren Nordicbet har laga ei oddsoversikt for ei rekkje kandidatar til jobben. Hødd-trenar Lars Arne Nilsen er ein av dei som får lågast odds. Du får tilbake 9,5 gongar innsatsen om du set pengane på sotrabuen. Åge Hareide er ikkje på lista til Nordicbet.
– Men vi tvilar på at Lars Arne Nilsen vil reise frå Hødd no, skriv Nordicbet.
Comeon, ein annan bookmaker, gir deg tilbake 75 gongar innsatsen om du satsar på Åge Hareide og han får jobben. Dei har Sture Fladmark som ein av dei heitaste kandidatane til jobben. Han er tidlegare Hødd-trenar og var inntil nyleg junior- og andrelagstrenar i AaFK.
Begge bookmakerane har assistenttrenar Kent Bergersen som favoritt til å ta over AaFK.