Laurdag føremiddag vart Hødd sine spelarar og leiarar hylla av nokre hundre supporterar som hadde møtt fram i Ulsteinvik sentrum.
Konferansierar var Diana Moldskred og Jon Gjerde. Sistnemnde intervjua nokre av spelarane.
Straffesparka
Andreas Rekdal fekk spørsmål om korleis det var å ta den siste og avgjerande straffa på Ullevål. Jon Gjerde fortalde at det i hans tid som spelar var slik at det ein gjerne scora på ti av ti straffer på trening, for så å bomme i kamp.
- Eg tenkte ikkje så mykje på det, sidan eg ikkje har tatt så mange straffespark, fortalde Rekdal.
Den einaste Hødd-spelaren som bomma frå straffemerket var Erik Sandal.
- Sunnmøringar liker jo å få ekstra spenning for pengane, og det fekk dei vel då eg bomma, smilte Sandal.
To viktige roller
Hjelpetrenar og marknadssjef Sindre Eid fekk spørsmål om kva for ei av rollene han liker best.
- Den siste tida har det vore veldig kjekt å vere trenar, men eg håper det skal bli moro å vere marknadssjef framover også, forklarte Eid.
Som ikkje hadde noko godt svar då han fekk spørsmål om han ein vakker dag kunne tenkte seg å bli hovudtrenar i Hødd.
- Det er hypotetisk, sa Sindre Eid.
Erke-høddar
Åshild Sivertsen kom også på scenen. Ho kalla seg erke-høddar og erke-ulsteinvikar, og har følgt med laget i nesten alle sine 86 leveår. Ho gjekk rett frå kykje til å sjå finalen på TV sist søndag.
- Dugnadsanda har alltid vore god i Hødd. Heilt sidan grusbana vart laga, minnest Sivertsen.
Musikk og pris
Atle Remøy og Roy Muren stod for den musikalske underhaldninga, medan Diana Moldskred delte ut gåver til spelarane frå ulike butikkar.
Til slutt kom Blåsarane på scenen. Dei kåra Ørjan Håskjold Nyland til cupfinalens beste spelar. Ein pris dei aldri rakk å dele ut etter cupfinalen. I tillegg fekk spelarane spesialdesigna t-skjorter i gåve frå supporterklubben.
Les også: