10 minutt: Joachim Magnussen stangar inn 1-0 for Hødd frå kort hald.

19 minutt: Luc Kassi heada inn utlikninga for heimelaget, etter innlegg frå høgre.

79 minutt: Mads Stokkelien vart heada igjennom og gjorde ingen feil åleine med Andreas Lie.

Det skulle ikkje gå meir enn 11 minutt før Joakim Magnussen sendte Hødd i leiinga. Med pannebrasken sette han eit perfekt innlegg frå nykomar Jonas Ingebrigtsen i nettaket.

Berre 2 minutt etter kunne faktisk bortelaget auka leiinga, då Standal blei spelt igjennom. Han valde derimot å sende ballen vidare til ein godt plassert Torset, som skaut rett utanfor.

Stabæk verka tame i opningsminutta, men likevel utlikna dei ved Luc Kassi etter 21 minutt. Igjen var det eit hovudstøt som førte til at ballen låg i nettmaskene.

Heimelaget heva seg etter scoringa, og kampen låg og vippa omgangen ut. Bærumslaget var kanskje nærmast, då Kassi kunne scora sitt 2. for dagen. Skotet frå vel 15 meter blei heldigvis avverga av Andreas Lie.

2. omgang

2. omgang var ei kjedeleg affære. Hødd, som hadde spelet, verka nøgd med det potensielle poenget, og Stabæk hadde lite flyt i spelet sitt.

Den kjedlegaste perioden av omgangen var dei fyrste 15 minutta. Frå denne perioden var det omtrent ingenting å skrive heim om. Så kom Stæbak farleg frampå etter 67 minutt. Heimelaget sin Fredrik Brustad blei spelt igjennom på høgresida, men i staden for å avslutte, så valde han å spele ballen inn – der fanga Ruben Kenneth Brandal opp ballen, og klarerte.

I det 79. minutt skulle Stabæk gå opp i leiinga. Mads Stokkelien blei heada igjennom av Brustad. Åleine med Lie gjorde han ingen feil. Dette var altså på omgangens fyrste reelle målsjanse.

Hødd forsøkte å legge eit press på Stabæk etter dette. Men Stabæk tetta godt igjen, og bortelaget skapte faktisk ikkje ein einaste klar målsjanse i heile 2. omgangen.

Stabæk var farlege på kontringar, og kunne ved fleire høve auka leiinga. Men meir blei ikkje det. Hødd reiser heim til Ulsteinvik utan poeng med i kofferten.

Kampfakta:

Adeccoligaen 20. runde.

Stabæk - Hødd 2-1 (1-1)

Mål: Joachim Magnussen (11), Luc Kassi (21) og Mads Stokkelien (79)

Dommar: Jan Morten Tennøy

Gule kort: Timmi Johansen (Stabæk) og Joachim Magnussen (Hødd)

Hødd (4-3-3): Andreas Lie - Jonas Ingebrigtsen, Jesper Törnqvist, Steffen Moltu, Ruben-Kenneth Brandal (Tobias Vibe 87) - Sivert Heltne Nilsen, Bendik Torset (Andreas Rekdal 87), Fredrik Aursnes - Eirik Ulland Andresen, Espen Standal (Franjo Tepuric 72), Joachim Magnussen.