* Hareid har sanka få poeng den siste tida (tre på fem kampar), utan at dei har spelt spesielt dårleg. Det same kan seiast om motstandar Blindheim, som kjem frå to uavgjorte kampar mot gode lag. Hareid melder at dei både mistar og får tilbake spelarar i høve sist kamp mot Langevåg. Øyvind Hagen har takka for seg i denne omgang, men Joachim Røyset er speleklar. Nokre spelarar er usikre grunna skadar. Dette er Hareids siste vårkamp.

Tabellen.

* Hasundgot har i kjent stil variert mykje denne våren. Dei såg ut til å vere verkeleg på gang etter storsigeren heime mot Ørskog sist veke. Men så tapte dei overraskande 2-0 borte mot botnlaget Ravn sist veke. Motstandar Vartdal opna sesongen treigt, men har spelt seg opp på femteplass i 5.-divisjon. PS. I tysdagsnummeret kom vi i skade for å skrive at Hasundgot har heimekamp mot Åmdal denne veka, men den kampen går neste veke - som siste vårrunde.

Tabellen.