- Det er ei sur kjensle. Vi føler at dette er ein kamp vi skal vinne. Ser ein på sjansane så er det kanskje ganske jamt, men det er absolutt eit tap for oss å spele uavgjort heime mot Kongsvinger.

Det fortel Øystein Vestvatn som scora Hødd sitt andre mål med eit fint plassert skot frå om lag 11 meters hald. Då svara Hødd kjapt etter at Kongsvinger utlikna til 1-1, men dessverre for heimelaget skulle ikkje leiinga halde heilt inn.

- Med ein gong vi får scoringa så får vi noko å forsvare og det taklar vi dårleg. Då blir vi feige. Vi legg oss for mykje nedpå. Kongsvinger var bra på å bruke ballen til å kome rundt og det blei slitsomt for oss.

Les også: - Vi blir litt feige

Vestvatn fortel at det kjennest svært uheldig å få 2-2 scoringa mot seg.

- Det er surt og det er tungt. Kongsvinger hadde nokre sjansar som dei ikkje scorar på, men når vi slepp inn på dei som ein ikkje trur ein skal sleppe inn, så er det tungt.

Midtbanespelaren var nære ved å avgjere kampen til Hødd sin fordel i sluttminutta, men avslutninga vart denne gongen litt for høg.

- Eg hadde ei veldig god kjensle på den, og trudde faktisk den var på veg inn. Dessverre fekk eg eit litt for lågt treff på ballen.

Kva har mangla for Hødd i dei tre første kampane?

- Vi har mangla det vi viste første halvtimen i dag. Då synest eg vi var verkeleg gode og skapte fleire sjansar. Det er løp i bakrom, bruke spelarar som er på veg inn i farlege rom og å skape moglegheiter. Vi har nok brukt ballen litt for mykje utan å kome nokon veg. I starten i dag var vi betre på å utnytte løpa og roma som blei skapt.

Men etter den gode perioden fekk Kongsvinger kome meir inn i kampen. Vestvatn trur Hødd vart for opptekne av at ein hadde teke leiinga, og at ein fokuserte meir på å bevare den enn på å framleis vere farlege sjølv.