Medan Hødd gjorde jobben med 6-1 siger borte mot Godøy onsdag kveld var det andre lag frå toppfotballen som gjekk på "bananskal" i første runde i NM.

Kristiansund BK, som Hødd møter borte 16. mai, gjekk på ein smell mot 3.-divisjonslaget Herd. KBK tok rett nok leiinga to gongar, men Herd kom tilbake begge gongane og sikra seg straffekonkurranse etter to mållause ekstraomgangar. Der var det 3.-divisjonslaget som var vassast og som vann straffekonken 4-2.

Dermed er Christoffer og Andreas Brune Rekdal, Audun Øvrelid, Preben Sætre og Jonas Ingebrigtsen, samt resten av Herd-laget vidare til 2. runde i cupen.

AaFK tok seg også vidare til andre runde, men laget måtte slite mot eit motivert Spjelkavik-lag. Til pause stod det 0-0 på Spjelkavik stadion, men AaFK sikra sigeren då dei fekk straffespark nokre minutt ut i den andre omgangen.

Hjelmeseth avgjorde

Robin Hjelmeseth sikra også avansement for Elverum, då dei slo Trysil 2-1 heime på Elverum stadion. Stillinga var 1-1 då Hjelmeseth slo til etter 80 minutt og dermed sikra billetten til andre runde.

Litt lenger nord i Møre og Romsdal hadde Molde, utan Fredrik Aursnes, ingen problem med å slå 3.-divisjonslaget KFK. Til slutt vart det 6-0 siger for moldenserane.

2.-divisjonslaga Brattvåg og Florø kjempa om avansement til andre runde på Brattvåg kunstgras. Etter full tid var stillinga 1-1, men Brattvåg sin nye svenske Lamine Nekrouf sette 2-1 fire minutt ut i første ekstraomgang. Dermed er også Brattvåg klare for andre runde.

Brann-tap

Ei av dei største cupbombene i første runde kom på Førde krøllgras. Der måtte Brann med Sivert Heltne Nilsen frå start, og med Lars Arne Nilsen på benken, sjå at det var heimelaget Førde som til slutt tok seg vidare etter straffekonk. Ingen av laga makta nemleg å score i løpet av 120 minutt, og då måtte straffer til for å avgjere.

Dei siste kampane i første runde blir spelt torsdag. Då skal mellom anna Christian Mork og Frigg i aksjon borte mot Hønefoss.

Fredag blir oppsettet for andre runde offentleggjort.

Les også: - Godt å starte, godt å score

Les også: - Vi gjer jobben