– Vi håpar på å styre alle kampane våre på heimebane og vi er godt budde på kva Fredrikstad kjem med. Så er det opp til om vi klarar å vere dyktige nok. Det viktigaste er kva som står på resultattavla når kampen er over, fortel Sindre Eid.
Hødd-trenaren gjorde måndag føremiddag dei siste førebuingane før FFK og Hødd brakar saman i den første seriekampen på nye Høddvoll.
– Fredrikstad er godt organiserte. Dei har fått inn ein del nye spelarar og har mykje kvalitet i laget, men vi er budde på kva dei kjem med og er mest opptekne av kva vi kan presentere og at vi får ut vårt beste nivå i kampen i dag.
Vikebladet Vestposten følgjer kampen frå nye Høddvoll.
Sterk tropp
Eid ønskjer å sjå eit Hødd-lag som er godt organiserte og solide defensivt.
– Vi skal ligge tett i lagdelane våre og samstundes vere ekstremt aggressive i presset. Offensivt der har vi ein variasjon i spelet vårt og vi kan både trua bak, mellom og breitt. Vi skal utpå i dag og spele ein så god kamp som råd. Gjer vi det så har vi ein god sjanse til å sitte att med noko.
Eid stadfestar at han har så godt som ein komplett tropp å plukke frå. Akkurat no er det berre Vegard Heltne som ikkje er aktuell. Det kan bety endringar på laget som slo Strømmen i første serierunde.
– Vi har ikkje offentleggjort laget endå, men det kan bli ei eller to endringar. Vi har ein sterk tropp og den kjem vi til å bruke utover. Frå neste veke så byrjar vi med tre kampar i veka og då går det seg til. Vi har hard konkurranse om plassane på laget og det er viktig at vi er dyktige nok til å bruke folk som er utkvilte og i god from til ei kvar tid.
Lad opp til kampen saman med Magnus Myklebust, Sindre Eid og Michael Karlsen.
Historisk dag for Hødd
Då vi var innom Høddvoll midt på dag var kunstgraset kvitt etter snøfall natt til måndag. Til kvelden blir det likevel ei skinande grøn kunstgrasmatte som er arenaen for Hødd sin første offisielle kamp på nye Høddvoll.
– Det er ein stor dag, ein historisk dag for Hødd fotball. Det er berre å takke alle som er tilknytt klubben og at dette er mogeleg å få til. Både næringslivet, kommunen og fylkeskommunen, og alle som står på og gjer ein fantastisk dugnadsinnsats. Vi gler oss over det, og så konsentrer vi oss om å gjere ein best mogeleg innsats ute på bana.