Den engelske Premier League-klubben Arsenal skal vere interesserte i å hente tidlegare Hødd-keeper Ørjan Håskjold Nyland.

Voldingen var Hødd-keeper mellom 2007 og 2012. No står han både for Molde og a-landslaget.

Det er Romsdals budstikke som melder om interessa for Nyland.

- Det har vore speidarar frå fleire større ligaar på Aker stadion i år, mellom anna Bundesligaen og Premier Leagie. Arsenal er blant desse, seier direktør Tarjei Nordstrand Jacobsen til avisa.

Les også:* Nyland til Eveton?