Borte mot botnlaget Byåsen var det i utgangspunktet forventa at Hødd burde klare å få med seg tre nye poeng i 2.-divisjon. Det var likevel nokre spørsmål rundt Hødd-laget som reiste til Trondheim utan profilar som Torbjørn Kallevåg og Robin Shroot. I staden starta ein mellom anna med ei midtbane der Andreas Breimyr, Bendik Rise og Eirik Franke Saunes spelte saman frå start.

Det såg også ut til å gå rimeleg greitt for Hødd i opninga. Bortelaget fekk låne ballen mykje, men utnytta den ikkje spesielt godt og skapte ikkje dei store moglegheitene.

Heller ikkje heimelaget skapte spesielt mykje, men Byåsen var farlegare enn Hødd når dei fekk sjansen. Etter 18 minutt fekk heimelaget spelt seg fram på venstresida. Franke Saunes klarte ikkje henge med, og Eirik Haugan kom for seint inn i duellen før Andreas Hanssen fekk avslutta frå skrått hald. Avslutninga var god og gjekk over hovudet på Ole Monrad Alme til 1-0.

Dette gav allereie nedrykksklare Byåsen litt meir tru på eige spel, og sjølv om Hødd framleis fekk ha ballen mykje, så var det ikkje noko å seie på at Byåsen gjekk til pause i leiinga. Hødd var for tannlause framom mål og ikkje dyktige nok med ballen i løpet av dei første 45 minutta.

Utlikning frå Rahhaoui

Det såg heller ikkje ut til at Hødd såg alvoret frå start i den andre omgangen, for då var det i staden heimelaget som tok tak i kampen. Hødd brukte litt tid på å kome skikkeleg til hektene igjen etter pause, og som i den første omgangen gjekk det ofte for treigt med dei blåkvite når dei hadde ballen.

Hødd skulle likevel slå tilbake. Etter eit Byåsen-angrep tok Hødd over ballen og sette full fart mot motstander sitt mål. Bendik Rise vart spelt fram på høgresida og tok med seg ballen framover før han slo inn framom mål. Der gjekk ballen forbi den første duellen, men i andre bølge kom Badr Rahhaoui og sette inn 1-1 frå kort hald. Avslutninga gjekk nesten rett på keeper, men frå så kort avstand hadde ikkje burvaktaren sjans til å stoppe ballen.

Deretter bølga det begge vegar på Byåsen Arena. Hødd hadde periodar der dei igjen tok over spelet, men Byåsen hadde sine moglegheiter til å avgjere kampen. Steffen Moltu hadde mellom anna ei viktig blokkering i eine enden, medan Eirik Haugan tvinga fram ei kjemperedning frå Byåsen sin keeper for å hindre 1-2.

Hødd starta kampen med tre spelarar frå Ulsteinvik fødde i 1998, og før kampen var over hadde to til fått sjansen. Håkon Botn Brautaset kom inn for Robin Hjelmeseth, medan Isak Haanes fekk prøve seg mot slutten som erstattar for målscorar Rahhaoui. Dessverre for Hødd klarte verken unggutane eller veteranen Magnus Myklebust å sette lagets andre scoring.

Det enda til slutt 1-1 på Byåsen Arena, etter ein kamp der lyspunktet for Hødd var dei mange unggutane. Spelet var dessverre for svakt i viktige delar av kampen, og ein merka godt saknet av viktige folk som Torbjørn Kallevåg og Robin Shroot.